Kommunikasjonsmedarbeidar

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du vera ein del av kommunikasjonsavdelinga vår, som jobbar med mange spennande og varierte kundar.

Me ser etter deg som:

  • er sjølvgåande, strukturert og proaktiv
  • likar å jobbe i team
  • er løysingsorientert
  • kan skriva gode kommersielle og redaksjonelle tekstar, samt har evne til å forenkla det komplekse
  • er god på historieforteljing

Har du erfaring med å ta bilete er det eit pluss.

Kvalifikasjonar:

  • høgare utdanning innan journalistikk, medier og kommunikasjon eller anna relevant utdanning.
  • arbeidserfaring innan kommunikasjons- og innhaldsarbeid.
  • god i engelsk, nynorsk og bokmål.

Som kommunikasjonsmedarbeidar i Omega 365 Design vil du:

  • produsera innhald for kundane våre
  • jobba tett saman med designarar, rådgjevarar, filmprodusentar og marknadsførarar
  • produsera redaksjonelle saker, saker til nettsider, pressemeldingar og andre tekstar
  • produsera innhald i form av foto, salstekstar, filmsnuttar og liknande til nettsider, sosiale medium, trykte flater o.l.
  • gjere omsetjingsarbeid

Er du målretta, har kommersiell teft, er sjølvgåande og er glad i å skriva, så kan dette vera midt i blinken for deg!

Søknadsfrist:
2. januar

Søknadar blir behandla fortløpande.

Klikk på Apply for this position for å søke på stillinga. Der må du opprette profil om du ikkje allereie har det.

Les meir om oss på www.omega365design.no


Søk på denne stillingen
Du treng ein konto for å søkje på stillingar. Vel Omega 365-fanen og klikk på "Create User" for å opprette konto.

Kontakt

Bilde av Astrid Eidhammer Hjelmeland
Astrid Eidhammer Hjelmeland
+4797194788

Arbeidsplass

Ølensvåg

Pos ID

54381