Nettside for Haugaland Bygg og Betong

Med stor vekst dei siste åra såg bedrifta behovet for å vere synleg på nett - Omega Design fekk vere med på prosessen.

28. oktober 2016

Haugaland Bygg og Betong har dei siste åra opplevd stor vekst og vil vera synlege på nett, slik at kundar lettare skal kunne finne dei og kontakte dei.

Bredden i tenestene til bedrifta er viktig å få fram – bygg og betong omfamnar mykje innan bransjen, det er difor viktig å få ei god, søkeoptimalisert nettside slik at potensielle kundar lett finn dei.

Omega Design fekk jobben med å utvikla ny nettside for dei. Me har og oppgradert logoen deira og laga ein profilmanual for å sikre rett og konsekvent bruk av merkevara Haugaland Bygg og Betong.

Takk for oppdraget og godt samarbeid i prosessen!