Kurs i krisekommunikasjon

Me fekk vere med på beredskapsøvinga til Suldal kommune, og fekk innta rolla som kritisk journalist.

God og tydeleg kommunikasjon er viktig for håndtere ulike krisesituasjonar. Alle bedrifter bør ha ei beredskapsøving som tar høgde for medietrening og internkommunikasjon.

 Alle som er berørte av ein krisesituasjon bør få så tydeleg, tidleg og konkret informasjon som mogleg. Dette kan føre til at ein unngår at falsk informasjon får lov til å spreie seg - i ei tid der sosiale medium har ei sterk rolle i nyhendespreiing er dette kanskje meir uoversiktleg enn nokon gong.

Vårt råd er at ein sikrar seg at kommunikasjonsplanen og beredskapsplanen er i tett dialog og at ein veit korleis desse to dokumenta skal utfylle kvarandre når krisa rammar.

 Det er mange utfordringar i ein krisekommunikasjon, det kan difor vere lurt å øve seg gjennom ulike scenario. På filmen ser de rådmannen i Suldal kommune, Øyvind Valen, som blir intervjua under ei beredskapsøvinga til kommunen. Han må svare på vanskelege spørsmål om ein tenkt eksplosjon hjå ei av bedriftene i kommunen.

Kva kan han seie? Kva bør han seie? Og kven bør han snakke til?

 

At ein får intervjuet på film gjer jobben med evaluering og gjennomgang etterpå mykje enklare. Me har brei erfaring med journalistikk og kan bidra med journalistisk bistand, og ikkje minst evaluering av kriseøvinga og kommunikasjonsarbeidet i etterkant.

Judith Sørhus Litlehamar
|
14
.
12
.
2016

La oss halde kontakten!

Få nyhendebrevet vårt rett i innboksen og les siste nytt frå oss uansett kvar du er

Thank you! Your submission has been received!
Oops! Something went wrong while submitting the form

Fleire saker

Følg oss på sosiale medier

Me er der det skjer

Facebook knappinstagram knapp
NOEN